Trentino-Alto Adige

Trentino-Alto Adige (tysk Trentino-Südtirol; ladinsk Trentin-Südtirol, òg Trentin-Sudtirol) er ein autonom region i Nord-Italia. Han består av provinsane Trento og Bolzano (Bozen på tysk). I Bolzan talar majoriteten tysk og regionen var ein del av Austerrike-Ungarn (og føregjengaren Det austerrikske riket) frå til 1815 og fram til det vart annektert av Italia i 1919. Det offisielle namnet var Venezia Tridentina mellom 1919 og 1947 og Trentino-Alto Adige/Tiroler Etschland mellom 1947 og 1972. Alto Adige er ein del av Tyrol-området, og namnet er Sør-Tyrol på mange språk. Provinser i Trentino-Alto AdigeTrentino-Alto Adige er delt inn i to provinser: Trento Bolzano De to provinsene er videre delt inn 339 kommuner. Sledetur, Sassolungo, Trentino-Alto Adige Regionen vart erobra av romarane i 15 fvt. Etter Vestromarriket fall vart det delt mellom langobardar (frå sør og opp til Salorno), alemannarar (Vinschgau-Val Venosta) og bayrarar (frå Bolzano til Brenner). Etter at Kongedømet Italia vart oppretta under Karl den store inkluderte Trento grevskapa Bolzano og Venosta, medan Hertugdømet Bayern fekk dei andre områda i regionen. Frå 1000-talet og framover vart delar av regionen styrt av fyrstbiskopane av Trento og Brixen, som dei tysk-romerske keisarane hadde gjeve vidstrakt makt til. Resten var ein del av grevskapet Tyrol, men i 1363 gav den siste herskaren Margarete Maultasch av Gorizia (von Görz) det til Huset Habsburg. Regionen vart germanisert tidleg i renessansen (1300-talet) og viktige tyske diktarar som Oswald von Wolkenstein var opphavleg frå Trentino-Alto Adige. Lago di Tenno, Trentino-Alto Adige I 1943 då Italia signerte ein våpenkvile med dei allierte vart regionen okkupert av Tyskland. Regionen vart de facto annektert av Tyskland (i tillegg til provinsen Belluno) fram til slutten av krigen. Okkupasjonen enda i lag med krigen i 1945. Italia og Austerrike forhandla fram ein avtale i 1946, sett ut i livet i 1947 i samband med at den italienske grunnlova vart kunngjort, om at regionen skulle ha vesentleg sjølvstyre. Tysk og italiensk skulle begge vere offisielle språk, og det skulle vere lov med tyskspråklege skular. Gjennomføringa av avtalen var ikkje tilfredsstillande for verken dei tysktalande i området eller den austerrikske regjeringa, og saka skapte mykje gnissingar mellom dei to landa og vart tatt opp i Dei sameinte nasjonane i 1960. Nye forhandlingar fann stad i 1961, men partane vart ikkje einige, delvis på grunn av terroristaksjonar av tysktalande separatistar. Saka vart først løyst i 1971 då ein ny avtale vart signert og ratifisert. Han sa mellom anna at tvistar i provinsen Bolzano skulle avgjerast i Den internasjonale domstolen i Haag, at provinsen skulle få større sjølvstyre frå Italia og at Austerrike ikkje skulle blande seg inn i Bolzano sine interne saker. Denne nye avtalen viste seg å fungere og terrorhandlingane forsvann. Etter at Austerrike vart medlem av EU i 1995 har òg samarbeidet på tvers av grensene betra seg. Byer i Trentino-Alto AdigeDe største byene i Trentino-Alto Adige: (Provinshovedsteder i uthevet skrift) Trento, Bolzano, Merano, Rovereto, Bressanone, Pergine Valsugana, Laives, Arco, Riva del Garda, Brunico, Appiano sulla Strada del Vino, Lana, Mori, Ala, Lavis, Caldaro sulla Strada del Vino, Renon, Levico Terme, Mezzolombardo, Sarentino, Borgo Valsugana, Cles, Castelrotto, Vipiteno, Silandro, Valle Aurina, Naturno, Ledro, Campo Tures, Mezzocorona, Laces, Chiusa, Malles Venosta, Egna, Baselga di Pinè, Lagundo, Storo, Ortisei, Predazzo, Dro Kilde: Wikipedia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no