Sicilia

Sicilia er ein autonom region i Italia, og den største øya i Middelhavet. Regionen har ei flatevidd på 25 700 km², og 5,0 millionar innbyggjarar. Regionshovudstaden er Palermo, og provinshovedstadane er Catania, Messina, Siracusa, Trapani, Enna, Caltanissetta, Agrigento og Ragusa. Regionsflagget er diagonalt delt med raudt over gult, med trinacriasymbolet i midten. Det doriske tempelet i Segesta, Sicilia Dei tidlegaste kjende menneska på Sicilia var stammer som av greske forfattarar vart kalla elymarane, sikanarane og sikeliane. Den sistnemde var den siste gruppa som kom til øya, og høyrer til same folkegruppa som fleire stammer i det sørlege Italia. Sicilia vart kolonisert av fønikarar, punarar fra Kartago og grekarar frå 900-talet f.Kr. Den viktigaste greske kolonien var Syrakus (i dag Siracusa) i 734 f.kr.; andre greske koloniar var Gela, Akragas (i dag Agrigento), Selinunt, Himera, Megara Hyblaea, Zankle, Leontini, Helorus og Messene. Dei vart oppretta som sjølvstendige bystatar, og utgjorde ein viktig del av Magna Graecia, det greske området som òg omfatta Sør-Italia. Sjølv om byane var sjølvstendige, hadde dei band til opphavsbyen, noko som førde med seg mellom anna athenarane sin sicilianske ekspedisjon under den andre peloponnesarkrigen. Dukketeater, Sicilia I 1946 vart Sicilia ein autonom region, og i etterkrigstida har det kome store overføringar fra Cassa per il Mezzogiorno, eit fond for utvikling av det sørlege Italia. Sjølv om italiensk er det offisielle språket, talar dei fleste sicilianarane sin eigen dialekt som vert kalla Sicilianu. Det er eit romansk språk med mange lånord frå arabisk, høgtysk, katalansk, fransk og spansk. Det vert òg tala i Reggio di Calabria og det sørlege Puglia på det italienske fastlandet. Kilde: Wikipedia

Bilder fra Sicilia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no