Sardinia

Sardinia (italiensk Sardegna; sardisk Sardigna eller Sardinnya) er den nest største øya i Middelhavet etter Sicilia. Ho har eit areal på 24 090 km² og er omgjeve av den franske øya Korsika i nord, den italienske halvøya i aust, Tunisia i sør og dei spanske Balearane i vest. Sardinia er ein konstituerande del av Italia, men har ein spesiell status som autonom region etter den italienske grunnlova.

I byrjinga av den nuragiske perioden, om lag 1500 f.Kr., vart øya kalla Hyknusa (latin Ichnusa) av mykenarane, som truleg tydde «øya (nusa) til Hyksos», folket som hadde vorte forvist av Ahmose I av Egypt om lag 1540 f.Kr.

Sandalyon var det andre namnet på øya, som truleg viste til forma på øya, som ser ut som eit fotspor. Det siste og noverande namnet har vore Sardinia, etter Shardana (som invaderte Egypt, men vart slått av Ramses III i om lag 1180 f.Kr.).

Provinser i SardiniaSardinia er delt inn i fire provinser:

Cagliari,
Nuoro,
Oristano,
Sassari

De fire provinsene er videre delt inn 37 kommuner.

Gammelt oliventre, Ortu Mannu, The Queen, Sardinia

Sardinia har vore busett i mange tusen år. I 1979 fann ein restar etter menneske frå paleolittisk tid (150 000 år sidan). I 2004 vart det i ei grotte i Logudoro funne delar av ei menneskehand som var om lag 250 000 år gamal.

I førhistorisk tid utvikla innbyggjarane på Sardinia handel med obsidian, ein stein som vart nytta til produksjon av dei første reiskapane. Denne aktiviteten førte sardinarane i kontakt med dei fleste andre folkegruppene i Middelhavet. Uttørka druer vart nyleg funne fleire stader og DNA-testing viste at desse var dei eldste druene i verda, datert til 1200 f.Kr. Cannonau-vinen vert laga av desse druene og kan kanskje reknast som den første av dei europeiske vinane.

I steinalderen oppstod den nuragiske sivilisasjonen på øya, som skulle vara fram til Romarriket nådde henne. Dei bygde tårnborger av stein kalla nuraghi. Rundt 7 000 av desse står framleis. At det er funne så mange store restar etter den neolittiske perioden tyder på at det har vore ganske mange innbyggjarar på øya.
Det er spekulert i at mellom anna Shardana-folket frå austlege område av Middelhavet gjekk i land på Sardinia. Shardana hadde slått seg saman med Shekelesh og andre, og danna koalisjonen Havfolka, men vart slått av Ramses III rundt år 1180 f.Kr. i Egypt. Shardana og Shekelesh vart av egyptarane kalla «folket frå dei fjerntliggande øyane», som kan tyde på at Shardana alt budde på Sardinia då egyptarane utforska området. Dei store gravene frå denne tida støtter dette, der gravsteinane er forma som skip på høgkant, delvis grave ned i jorda. I følgje nokre språkstudiar var byen Sardis (i Lydia) utgangspunktet for reisa til Tyrrenhavet, som delte det som etter kvart vart sardinarar og etruskarar.

Esel, Sardinia

Sardinia er ein av to italienske regionar der innbyggjarane er anerkjend som ein «popolo» (eit eige folk) av ei lokal lov (som ikkje er ein del av grunnlova). Den andre regionen er Veneto.
Sardinia har rike tradisjonar innan musikk. Ho er heimstad for ei av dei eldste formene av fleirstemd song, generelt kalla Canto a Tenores. Fleire store namn innan musikk som Frank Zappa, Ornette Coleman og Peter Gabriel fann øya uimotståeleg. Sistnemnde reiste til byen Bitti i dei sentrale fjellområda og spelte inn den no kjende plata Tenores di Bitti. Strupelydane som er ein del av denne songen liknar mongolsk strupesong. Ein annan fleirstemt syngestil, som liknar meir på den korsikanske Paghjella og som er liturgisk av natur, finst òg på Sardinia og vert kalla Cantu a Cuncordu.
Eit unikt instrument frå Sardinia er launeddas. Tre røyrblad produserer ein særeigen harmoni, som har røter fleire tusen år tilbake.
Tradisjonen med Cantos a Chiterra (gitarsongar) har opphavet sitt frå byplassane, der artistane konkurrerte mot kvarandre. Den sardiske kulturen lever framleis og unge menneske tar aktivt del i tradisjonell musikk og dans.

Byer i SardiniaDe største byene i Sardinia:
(Provinshovedsteder i uthevet skrift)

Cagliari, Sassari, Quartu Sant’Elena, Olbia, Alghero, Nuoro, Oristano, Carbonia, Selargius, Iglesias, Assemini, Capoterra, Porto Torres, Monserrato, Sestu, Sinnai, Sorso, Villacidro, Tempio Pausania, Arzachena, Quartucciu, Guspini, La Maddalena, Siniscola, Sant’Antioco, Ozieri, Tortolì, Macomer, Terralba, Dolianova, Serramanna, Cabras, Elmas, San Gavino Monreale, Ittiri, Dorgali, Sanluri, Bosa, San Sperate, Decimomannu
Kilde: Wikipedia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no