Piemonte

Piemonte (italiensk for «ved foten av berget», piemontesisk og oksitansk: Piemont; fransk: Piémont, òg kalla Piedmont på somme språk) er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 kvadratkilometer, og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Valle d'Aosta i nordvest høyrer både historisk og geografisk til Piemonte, men utgjer ein autonom region. I nord grenser Piemonte til Sveits, i vest til Frankrike, i sør til Liguria, i søraust til Emilia-Romagna og i aust til Lombardia. Provinser i Piemonte Piemonte er delt inn i åtte provinser: Torino, Alessandria, Asti, Cuneo, Novara, Biella, Verbano-Cusio-Ossola, Vercelli De åtte provinsene er videre delt inn 1206 kommuner. Feriolo di Baveno, Piemonte Tre forskjellige geografiske område dominerer Piemonte: Alperegionen med Alpane utgjer dei vestlege og nordlege områda av regionen. Her finn ein Dei oksitanske dalane (Valle Stura, Valle Maira, Valle Maraita, Valle del Po, Valle del Chisone, Val Pellice, Valle di Susa, Valle d'Aosta) og områda rundt vestsida av Lago Maggiore. Det høgaste fjellet i området er Mont Blanc, langt oppe i Aostadalen, men i sjølve regionen Piemonte er dei høgaste fjelltoppene Monte Rosa (4 634 moh.), Gran Paradiso (4 061 moh.) og Viso (3 841 moh). Den høgaste fjellovergangen i Alpane, Col de Sommeiller, ligg òg her. På Posletta finn ein dei største byane i Piemonte, og her bur òg dei fleste innbyggjarane. Den vidstrakte Posletta, som er dekt med vatn på rismarkene rundt Vercelli og Novara, glitrar mot vest og går over til dei mektige fjella i Alpane. Torino som ligg ved kanten av Posletta, har utsikt til åssidene og Alpane som dannar fantastiske naturlege kulissar for byen. Dryge 16 millionar menneske lever rundt Posletta og er det mest oppdyrka området og gjer Vercelli til senteret for risdyrking i Europa. Italia dyrkar enorme mengder med ris, ikkje langt frå Torino og i regionen Piemonte. Høgdedraga søraust i regionen (Monferrato, Langhe, Roero) vert utnytta i landbruket og har ein del turisme. Her finn ein dei kjende vinane i Piemonte, som Barolo, Barbera og Barbaresco). Stor italiensk ost, Piemonte Området har vore busett sidan utgangen av yngre steinalder. Etter at isen trekte seg opp i Alpane kom det keltisk-liguriske grupper som taurinarar og salassarar til området. Dei vart etter kvart trengt bort av romarane som grunnla koloniar som Augusta Taurinorum (i dag Torino) og Eporedia (Ivrea). Kongedømet Sardinia i 1839: Fastlandet Piemonte, med Savoie øvst til venstre (rosa) og Nizza (Nice) nederst til venstre (brunt). Begge er no fransk. Sardinia er innfelt øvst til høgre. Piemonte si sjølvstendige historie byrjar då romarane trekte seg tilbake etter Romarriket fall frå kvarandre. folkevandringstida reiste ei rekkje folkeslag gjennom området. Lenge var store delar av det eit lite langobardisk fyrstedømme, eit markgrevskap, sentrert om Torino. I 1046 kunne huset Savoie innlemme markgrevskapet Piemonte til sine område, som inntil då var avgrensa til Savoie, med hovudstad i Chambéry (no i Frankrike). Savoieherskerne vart gjort til hertugar i 1416, og hertug Emanuele Filiberto flytta residensen sin til Torino i 1563. Piemonte vart fleire gonger erobra av vekselvis Frankrike og Habsburg-herskarane. I 1718 klarte Savoie-herskarane å sameine Piemonte og Sardinia og mottok kongeembete to år seinare som nådehandling av den tysk-romerske keisaren i Wien. Republikken Alba vart oppretta i 1796 som ein fransk vasallstat i Piemonte før området vart annektert av Frankrike i 1801. Frå 1814 kom området igjen under austerriksk kontroll, som gjorde det til sin eigen vasallstat. På Wienerkongressen i 1815 fekk Piemonte-Sardinia tillagt Republikken Genova for å styrke han som barrierestat mot Frankrike. Dette kongedømet, med hovudstad i Torino, vart kalla kongedømet Sardinia (sjå kart). Kongedømet Sardinia var springbrettet for samlinga i Italia i 1859-1861, etter to mislykka krigar mot Austerrike i 1820-1821 og 1848-1849. I 1969 vart det blodige arbeidaropprør i Torino, som førte til opprettinga av terrororganisasjonen Dei raude brigadane. Piemonte har sidan opprettinga i 1992 òg vore høgborg for partiet Lega Nord som arbeider for norditaliensk sjølvstende. Byer i PiemonteDe største byene i Piemonte: (Provinshovedsteder i uthevet skrift) Torino, Novara, Alessandria, Asti, Moncalieri, Cuneo, Collegno, Rivoli, Nichelino, Settimo Torinese, Vercelli, Biella, Grugliasco, Chieri, Pinerolo, Casale Monferrato, Venaria Reale, Alba, Verbania, Bra, Novi Ligure, CarmagnolavTortona, Chivasso, Fossano, Ivrea, Mondovì, Orbassano, Borgomanero, Savigliano, Acqui Terme, Trecate, Valenza, Rivalta di Torino, San Mauro Torinese, Ciriè, Caselle Torinese, Domodossola, Piossasco, Beinasco Kilde: Wikipedia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no