Molise

Molise er det nest minste av regionane i Italia og ligg sør i landet. Fram til 1963 var det ein del av regionen Abruzzi e Molise, då det vart delt inn i Molise og Abruzzo.

Regionen har eit areal på 4 438 km² og har om lag 300 000 innbyggjarar. Campobasso er regionshovudstad.

Provinser i MoliseMolise er delt inn i to provinser:

Campobasso,
Isernia

De to provinsene er videre delt inn 136 kommuner.

Det arkeologiske området Pietrabbondante, Molise

Det grensar til Abruzzo i nordvest, Lazio i vest, Campania i sør, Puglia i søraust og Adriahavet i nordaust. Enkelte meiner at provinsen er avfolka, medan andre tykkjer dette nettopp gjev regionen ein sjarm og autensitet som er vatna ut i andre delar av Italia. Landskapet består av vide sletter som heller nedover mot Adriahavet. Lenger inne i landet består terrenget av rullande åsar. I nord er det høgareliggande område. Landbruksområda er svært frodige og regionen skil seg ut ved at ein nesten ikkje finn noko slags form for gjerder nokon stad.

Mange av landsbyane i indre strøk er nesten forlatt sidan ungdomar flytter til dei større byane for å finne arbeid.
I Larino-området ligg landsbyane tett, og desse består ofte av ei kyrkje, eller ei domkyrkje for Larino, på ein åstopp med ein mellomalderby rundt.
Regionen vert stundom kalla «utarma», sidan ein uvanleg stor del av folkesetnaden har universitetsutdanning. Dei fleste av desse har flytta nordover for å jobbe for selskapa i dei rikare regionane.

Capracotta, Molise

Molise har vore busett i tusenvis av år og har ei stolt kulturarv. Arenaen i Larino er t.d. eldre enn Colosseum i Roma og ruinane ved Sepinum er svært godt bevart og gjev eit godt innblikk i dei sofistikerte samnittarstammene, som i lag med frentanarar dominerte regionen. Samnittarane var ei hardfør stamme av høglendarar som slo romarane i kamp i lang tid.
Etter Romarriket sitt fall i 476 vart Molise invadert av gotarar (535) og så av langobardarar i 572, og annektert av Hertugdømet Benevento. Så følgde ei vanskeleg tid med invasjonar frå sarasenarar, som i 860 øydela Isernia, Telese, Alife, Sepino, Boiano og Venafro. På 900-talet hadde det oppstått ni grevskap: Venafro, Larino, Trivento, Bojano, Isernia, Campomarino, Termoli, Sangro og Pietrabbondante.
I 1095 kom det mektigaste av dei, Bojano, under Norman Hugo I av Molhouse sitt styre, som truleg har gjeve namn til regionen. Etterfølgjaren hans, Ugo II, var greve av Molise i 1144.
Regionen gjenoppstod på slutten av 1200-talet. Domkyrkja i Larino vart bygd i 1314. Fransiskanarklosteret i same by vart bygd, i lag med klokketårnet i 1312.
På 1500-talet vart Molise ein del av provinsen Capitanata (Puglia) og i 1806 vart det ein autonom provins, inkludert i regionen Abruzzi.
På 1800-talet vart dei økonomiske tilhøva verre for innbyggjarane og dette under samlinga av Italia (1861) førte dette til plyndring og massiv utvandring til utlandet og dei meir industrialiserte områda av Italia.
Under den andre verdskrigen vart det store øydeleggjingar i området fram til dei allierte styrkane klarte å gå i land ved Termoli i september 1943. Store allierte styrkar var stasjonært i Campobasso, som vart kalla «Maple Leaf City» (Lønnebladbyen) av kanadiske troppar.
Molise er den nyaste av dei italienske regionane og vart oppretta i 1963 då regionen Abruzzi e Molise vart delt i to regionar.

Byer i MoliseDe største byene i Molise:
(Provinshovedsteder i uthevet skrift)

Campobasso, Termoli, Isernia, Venafro, Bojano, Campomarino, Larino, Montenero di Bisaccia, Riccia, Guglionesi, AgnonevTrivento, San Martino in Pensilis, Santa Croce di Magliano, Cercemaggiore, Petacciato, Ferrazzano, Frosolone, Vinchiaturo, Ripalimosani, Ururi, Baranello, Portocannone, Campodipietra, Montaquila, Sesto Campano, Pozzilli, Monteroduni, Casacalenda, Mirabello Sannitico, Colletorto, Sepino, Fornelli, Sant’Elia a Pianisi, Macchiagodena, Jelsi, Palata, Montefalcone nel Sannio, Castelmauro, Castelpetroso
Kilde: Wikipedia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no