Lombardia

Lombardia (latin: Langobardia) er ein av tjue adminstrative regionar i Italia.
9 millionar, ein sjettedel av alle innbyggjarane i Italia bur i Lombardia, som gjer regionen til den mest folkerike i Italia.
Om lag ein fjerdedel av bruttonasjonalproduktet til Italia vert produsert her.
Språk som vert tala i regionen er italiensk, vestlombardisk og austlombardisk.

Lombardia grenser i nord til Sveits, i vest til Piemonte, i sør til Emilia-Romagna og i aust til Veneto og Trentino-Alto Adige.
Alpane dominerer dei nordlege områda av regionen, medan Posletta og elva Po dominerer i sør. Av store sideelvar til Po i Lombardia finn ein Adda, Agogna, Chiese, Oglio, Olona, Scrivia, Serio og Ticino

Fleire store fjellkjeder i Alpane ligg i Lombardia, som Brenta-massivet, Dei bergamaskiske Alpane og Vizentine-alpane
Comosjøen som ligg nord i regionen er den tredje største i landet og ein av dei djupaste i Europa med eit djup på rundt 400 meter. Lago Maggiore, som er den nest største i landet ligg på grensa mellom Lombardia, Piemonte og Sveits. Andre innsjøar i regionen er Luganosjøen ved grensa til Sveits og Idrosjøen.

Provinser i LombardiaLombardia er delt inn i tolv provinser:

Bergamo, Brescia, Como,
Cremona, Lecco, Lodi,
Mantova, Milano (regionshovedstad),
Monza og Brianza, Pavia, Sondrio, Varese

De tolv provinsene er videre delt inn 1546 kommuner.

Snølandskap i Bergamo, Lombardia Området har vore busett sidan minst 1000-talet fvt., som arkeologiske funn har vist. Dei neste hundreåra var Lombardia busett av nokre av dei første etruskiske stammene, som grunnla byen Mantova og spreidde skrivekunsten. Frå 400-talet fvt. vart området invadert av keltarar (gallarar). Dette folket grunnla fleire byar (som Milano) og utvida riket sitt Adriahavet. Utviklinga deira stoppa opp då romarane invaderte Posletta frå 200-talet fvt. og etter fleire hundreår med krig vart området i 194 fvt. den romerske provinsen Gallia Cisalpina. Den romerske kulturen og språket overvelda den tidlegare sivilisasjonen dei påfølgjande åra, og Lombardia vart eit av dei mest utvikla og rike områda i Italia der det vart bygd mange vegar og jordbruket og handelen vart utvikla. Viktige personar som Plinius den eldre (i Como) og Vergil (i Mantua) vart fødd her. Seint i antikken spelte Lombardia ei viktig, strategisk rolle då hovudstaden i Vestromarriket vart flytta til Milano. I 313 var det her keisar Konstantin gav ut det kjende ediktet som gav religionsfridom til alle i riket.

Under og etter Vestromarriket sitt fall leid Lombardia stort av dei mange øydeleggingane som ei rekkje barbariske invasjonar førte med seg. Den siste og mest effektive kom frå langobardarane (eller lombardarar) som kom rundt 570-talet.[1] og Dei regjerte her lenge frå hovudsaden i Pavia og er opphavet til det noverande namnet på regionen. Det var nære slektskap mellom den frankiske, bayerske og lanogbardiske adelen i mange hundreår.

Etter å ha kjempa mot kvarandre i starten betra forholdet mellom langbardane og det latinsktalande folket seg. Til slutt smelta det lombardiske språket og kulturen i saman med den latinske kulturen, noko ein kan sjå i mange namn og lover. Slutten av det lombardiske styret kom i 774 då den frankiske kongen Karl den store erobra Pavia og annekterte «Kongedømet Italia» (hovudsakleg det nordlege og sentrale Italia) til riket sitt. Dei tidlegare lombardiske hertugane og adelen vart erstta av andre tyske vasallar, fyrstbiskopar og markgrever. Likevel stammar dei fleste innbyggjarane i området frå langobardarane.

Milanos domkirke, Piazza del Duomo, Milano, Lombardia På 1000-talet opplevde regionen økonomisk vekst på grunn av auka handel og betre jordbrukstilhøve. På liknande måte som i andre område av Italia førte dette til auka sjølvkjensle i byane, og på grunn av den aukande velstanden deira gjorde dei i stand til å stå imot den tradisjonelle føydale makta, representert av dei tyske keisarane og dei lokale legatane deira. Denne prosessen nådde høgdepunktet på 1100- og 1200-talet då forskjellige lombardiske forbund danna alliansar mellom byane i Lombardia, hovudsakleg styrt frå Milano, og klarte å slå Hohenstaufen-keisaren Fredrik I ved Legnano og barnebarnet hans Fredrik II i Parma. Dette hindra ikkje andre viktig lombardiske byar, som Cremona (som då var like stor og rik som Milano) og andre, frå å støtte keisaren om dette kunne gje dei ei kortsiktig vinning. Ved å nytte fordelen av det blømande jordbruket i området rundt Po, i lag med Venezia og Toscana, vart industrien og handelen utvida til det vart det økonomiske senteret for heile Europa. Handelsmenn i Lombardia dreiv med handel og bankaktivitet langt nord i Nord-Europa og namnet «Lombardia» vart etter kvart nytta om heile Nord-Italia fram til 1400-talet.

Frå 1300-talet og framover førte stadige indre og ytre stridar til at det vart oppretta adelege seignoriar. Dei viktigaste av desse vart Huset Visconti (seinare Sforza) i Milano og Gonzaga-familien i Mantua. På 1400-talet var Hertugdømet Milano ei stor politisk, økonomisk og militær makt i Europa. Milano og Mantua vart to senter i renessansen, der kulturen med menn som Leonardo da Vinci og Mantegna og kunstverka vart sett særs høgt (som «Den siste nattverda» av Leonardo Da Vinci). Rikdomen trekte derimot til seg dei meir organiserte hærane til nasjonar som Frankrike og Austerrike, som førte ein lang krig om Lombadia seint på 1400- talet og tidleg på 1500-talet. Etter det avgjerande slaget ved Pavia i 1525 kom Hertugdømet Milano inn under Austerrike, som gjekk vidare til dei kongelege austerrikske habsburgarane i Spania. Dei nye herskarane gjorde for å betre dei økonomiske tilhøva i Lombardia og innførte i staden ei rekkje skattar for å støtte dei endelause rekkjene av krigar dei førte i Europa. Den austlege delen av det som i dag er Lombardia, med byar som Bergamo og Brescia, var ein del av Republikken Venezia, som byrja å få meir makt i området frå 1300-talet.

Pestar (som i 1648, skildra av Alessandro Manzoni i verket I Promessi Sposi) og dei generelt nedadgåande tilhøva i Italia sin økonomi på 1600- og 1700-talet hindra vidare utvikling i Lombardia. I 1706 kom austerikarane til makta og introduserte økonomiske og samfunnsmessige tiltak som betra tilhøva til ein viss grad. Seint på 1700-talet vart derimot området erobra av Frankrike under Napoleon og Lombardia vart ein delvis sjølvstyrt provins i det napoleonske riket.

Med Napoelon sitt fall kom området tilbake til Austerrike i 1815 i form av ein marionettstat kalla Kongedømet Lombardia-Venetia. No måtte ein derimot slåss mot nye samfunnsideal som vart innført i napelonstida. Lombardia vart ein av dei intellektuelle sentera i prossessen som førte til samlinga av Italia. Den populære republikken frå 1848 vart kortvarig og Lombardia vart annektert til Kongedømet Italia i 1859 som følgje av den andre italienske sjølvstendekrigen. Frå slutten av 1800-talet, og med oppgangen etter den andre verdskrigen, stadfesta Lombardia statusen regionen hadde som det mest økonomisk utvikla området i Italia.

Byer i LombardiaDe største byene i Lombardia:
(Provinshovedsteder i uthevet skrift)

Milano, Brescia, Monza, Bergamo, Como, Busto Arsizio, Varese, Sesto San Giovanni, Cinisello Balsamo, Cremona, Pavia, Vigevano, Legnano, Gallarate, Rho, Mantova, Lecco, Cologno Monzese, Paderno Dugnano, Lodi, Seregno, Lissone, Rozzano, Desio, Voghera, Cantù, Saronno, Cesano Maderno, San Giuliano Milanese, Bollate, Pioltello, Limbiate, Corsico, Segrate, Crema, Brugherio, San Donato Milanese, Abbiategrasso, Cernusco sul Naviglio, Treviglio
Kilde: Wikipedia

Få Oppdateringer på E-post!

Meld deg på nyhetsbrevet nå, og bli oppdatert straks det kommer nye innlegg.
Påmelding gir deg gratis nettilgang til Allora sitt språkkurs i 6 måneder!

Solo Italia vil aldri gi bort, bytte eller selge din e-postadresse til andre.
Du kan melde deg av listen når som helst.



hitsTraveltop sitesPopulre norske bloggerBlopp.no